Innhold

Nyhetsbrev/e-postvarsling:

Meld deg av/på nyhetsbrevet:
 

 

 

Tilbake

Fjellseminar om penger

Bli med til fjells og bli litt klokere på pengenes rolle i dag, i morgen og i et historisk perspektiv.

Seminaret blir holdt på fjellmuseet i Lom fredag 28. august. Kvelden før er det middag på Andvord gard.

Det er SpareBank 1 Gruppen og SpareBank 1 Lom og Skjåk som står bak arrangementet.

Programmet:

0900:     Opning ved banksjef Henning Falkenhaug,SpareBank 1 Lom og Skjåk

 

0910:     Edelt metall: Om pengar, gull og sylv og norsk pengehistorie.
              Lars Fredrik Øksendal, Noregs Bank

 

0950:     Bankar som pengeprodusentar: Ein rapport frå Bank of England.
              Morten Søberg, SpareBank 1 Gruppen

 

1115:     Dalar, skilling og kroner: Om pengar og språk.
              Klaus Johan Myrvoll (doktor i norrønt)

 

1020:     Kaffi

 

1030:     Penganes filosofi: Ei nylesing av Georg Simmels storverk
                "Philosophie des Geldes".
Sæbjørn Forberg, Magister i filosofi.

 

1145:     Digitale, usynlege pengar: Framtidsscenario. Svein Ølnes, Vestlandsforsking

 

1230:     Lunsj på Fossheim hotell

 

Kva er pengar?
«Det er krystalliseret menneskelig Sved» - «Sylvdalaren er storknad Manna-Sveitte» , sa Aasmund O. Vinje.

Mindre poetisk sagt er pengar betalingsmiddel, verdimålar og verdioppbevaringsmiddel, men fyrst og fremst både eit fast og flytande samfunnsfenomen gjennom tida.

Pengar er tidlaust avhengige av tillit, men både grunnlaget for slik tillit, kven som produserer pengar og pengane si rolle i samfunnet endrar seg i samhøve med «tida og tilhøva», som det heiter i fjellova.

Meininga med seminaret er å lysa opp fenomenet pengar frå ei rad ulike ståstader. Den raude tråden er folkeopplysning: nygamle og framtidsretta svar på spørsmålet om kva pengar er.

Må selv ordne overnatting:
Utgiftene elles dekkes av arrangørene: SpareBank 1 Gruppen og SpareBank 1 Lom og Skjåk.

Påmelding:

Send melding til Kristin Nygård Lonbakken, SpareBank 1 Lom og Skjåk (Mobil: 916 97 947)